Kvifor bu i Vindafjord?

Me ønsker at fleire skal busetje seg i Vindafjord, og heile kommunen står klare til å hjelpe frå dag ein! Her har me samla litt informasjon om kva som gjer Vindafjord til ein flott plass å bu for heile familien.

Vindafjord er ein næringslivskommune utanom det vanlege. Her finn ein alt fra små og mellomstore bedrifter til store og ledande bedrifter på landsbasis. Vindafjord har ein sterk gründer-kultur og samarbeidsvilje på tvers av bedriftene og som satsar på lokal forankring. Dette gir solide arbeidsplasser. Her finn du jobbmoglegheiter i mange varierte yrke.

Nokre av bedriftene i Vindafjord:

+ mange mange fleire!

Ein god plass å vekse opp

Vindafjord kommune har gode skule- og barnehagetilbod i alle dei ni bygdene. Det er også full barnehagedekning. Når ungdomsskulen er ferdig har ein også valg om to lokale vidaregåande skular i kommunen.

Les meir om oppvekst i Vindafjord her

Skule og barnehage

Bilde av born på tur

Sport og fritid

Bilde av folk som spelar fotball

Idrettslaga i bygdene har mange ildsjeler som stiller opp for både små og store. Ski, fotball og handball er nokre av dei poplære tilboda som tilbys.

Mange nye og flotte anlegg er bygd i dei ulike bygdene, til glede for store og små.

Idrettslaga i kommunen

Vindafjord er omgitt av flott natur. Her finn ein noko for ein kvar smak. Flotte turstiar i fjellet og idylliske destinasjonar som Romsa-øyane om du likar deg på sjøen.

Likar du deg på ski finn du også flotte skiløyper frå Opehim i Ølen eller Fjellstøl i Sandeid inn mot Olalia hytta. Her er også lysløyper for kveldsturar. Olalia er ein av mange populære turdestinasjonar heile året.

Olalia på ut.no
Les meir om friluftsliv i Vindafjord her

Kjøreavstand til fjellområde med skisenter og hytter

  • Røldal - 1 time
  • Haukelifjell - 2 timar
  • Hovden - 3 timar
  • Rauland - 3 timar

Flott natur

Bilde av natur

Nærleik til byen

Bilde av by

Ute av byen, men ganske nær

Vindafjord ligg midt mellom Bergen og Stavanger - med kort veg til Haugesund som er næraste by. Ved å bu i Vindafjord er du borte frå mas og jag i byen, samtidig som det er kort veg når du ønsker å kjenne på det urbane livet innimellom.

Kjøreavstand til dei næraste byane

  • Haugesund - ca. 40 minutt
  • Bergen - ca. 3 timar
  • Stavanger - ca. 2 timar

Byggesøknader går som ein draum i Vindafjord. Vindafjord Tomteselskap, kommunen, bank, byggefirma og  fleire står klare til å hjelpe dykk i gang.

Frie tomter i alle bygder

Me har tomter i alle bygdene i Vindafjord: Vikedal, Sandeid, Ølen, Ølensvåg, Vats, Bjoa, Vikebygd, Imsland og Skjold. Tomtene er frie, som betyr at du kan velge kva du vil byggje, kven som skal byggje og når du vil byggje.

Tomter og hus til rett pris

Tomtene våre har fornuftige prisar som gjer det enkelt å etablere seg i kommunen. Medan du i byane gjerne må betale store summar for ei lita leilighet, kan du i Vindafjord få ein flott einebustad med hage til same pris.

Hjelp og rådgjeving når du etablerer deg

Bilde av rådgivning
Sjå ledige tomter i Vindafjord